Gå til innholdGå til toppen

Ledig stilling: Digital utvikling – verksemdsarkitekt

Sunnfjord Energi er eit integrert kraftselskap med kraftproduksjon, drift og bygging av nett og sal av kraft til bedrifter og hushald som sine verksemdsområder. Selskapet er organisert i fire avdelingar: produksjon, nett, marknad og administrasjon, og har omlag 120 årsverk.

Kraftbransjen er i stor endring, og Sunnfjord Energi skal optimalisere sin posisjon i ein marknad i utvikling, med nye digitale moglegheiter og endra rammebetingelsar.

I denne utviklinga er grensesnittet mellom menneske, teknologi, arbeidsprosessar og forretning sentralt. Forbetring og gevinst oppnår ein når organisasjonen tek i bruk teknologien og knyter den til forretninga. Vi fokuserer på utvikling av støttesystem, fagsystem og organisasjon; både for den digitale saksbehandlar og den digitale montør.   Vi arbeider etter LEAN-metodikk for rasjonell drift og forbetring.

Vi søkjer deg som vil være med  å vidareutvikle Sunnfjord Energi. Stillinga er ein del av IKT-avdelinga, og vil få ei sentral rolle i arbeidet med digital utvikling i selskapet.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna innehalde:

  • Sikre heilskapleg og målretta utvikling av IKT-porteføljen
  • Være tett på den digitale utviklinga og utnytte moglegheitene som teknologien og systema gir til å jobbe smidig, driftig og moderne
  • Leie/delta tverrfagleg digitalt utviklingsprogram
  • Prosjektleiing
  • Informasjonsarkitektur
  • Samarbeid med leverandørar

Vi søkjer deg som:

  • Har minst 3 års relevant utdanning (bachelor/master)
  • Har erfaring frå å jobbe i grensesnittet menneske, teknologi og forbetringsarbeid
  • Har erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid i organisasjonar
  • Har god kunnskap om IKT og gjerne kjennskap til portal- og dahsboard-løysingar
  • Er prosess- og løysingsorientert, omgjengeleg og har god munnleg og skifteleg framstillingsevne på norsk

Vi kan tilby:

  • Spennande utfordringar innan eit strategisk satsingsområde i vekst
  • Gode høve til fagleg og personleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Løn etter avtale, gode pensjonsordningar, og fleksibilitet

Kan dette være jobben for deg?

Ta gjerne kontakt med Arne Myrekrok, 916 47 989 eller Marit Moene, 952 53 938 for ein prat.

Send søknad med CV, attestar og vitnemål  via skjemaet nedanfor innan 17. juli  2017:

Søknadsskjema: Digital utvikling – verksemdsarkitekt

  • Fødselsdato på formen dd.mm.åååå (til dømes 23.09.1979).
  • Her lastar du opp den formelle søknadsteksten, anten som tekstfil eller pdf. Vi set pris på om du greier å samle både søknad, CV og eventuelle vedlegg i same fil, som du kan laste opp her.
  • Her kan du laste opp CV, anten som tekstfil eller pdf, viss den ikkje låg ved søknaden i forrige felt. Hugs at du må dokumentere kompetansen din i vedlegga, viss ikkje vil ikkje søknaden din bli vurdert.
  • Dra og slipp filer her, eller
    Her kan du laste opp relevante attestar etc. viss du ikkje la dei i same fila som søknaden i feltet for formell søknad.
    Vil du blir varsla på epost når Sunnfjord Energi har ledig jobb? Du kan når som helst melde deg av epostvarselet att.