Gå til innholdGå til toppen

Mi side

På Mi side får du hjelp til å sende inn målarstanden, sjå forbruket og å endre kontaktinfo.

For at straumrekninga di skal samsvare med forbruksperioden er det viktig at du melder inn målarstanden når vi ber om det.  Det er mange måtar å registrere målarstanden på, via internett, på SMS eller på telefon. Alle desse metodane er skildra her:

Målaravlesing


Internett

For å registrere målarstanden på nettsidene klikkar du på knappen nedanfor og loggar på med kundenummer og målepunkt ID som du finn i epost, på straumrekninga, i SMS eller på avlesningskort.

Når du har lagt inn målarstand, vil du  kunne ta ut prøveavrekning for siste periode. Du kan også lese og hente ut forbruksdata.

Mi side (registrer målarstand / sjå forbruksdata)


SMS – tekstmelding

No kan du også registrere målarstanden din via SMS. Ta med mobiltelefonen til sikringsskapet, les av målarstand og send ei tekstmelding. Enklare kan det ikkje bli.

Registrering

For å kunne nytte mobiltelefon til å sende målarstanden via SMS, må du først registrere målarnummeret ditt. Send meldinga: SENM START <målarnummer>til telefonnummer 26166.

Dette skal gjerast berre èin gong, men har du fleire målarar gjentek du prosessen for for kvar målar. Du mottek ei kvitteringsmelding når du er registrert.

Du kan også registrere mobilnummeret og velje SMS når du legg inn målarstanden på internett.

Innsending av målarstand

Når avlesingstidspunktet nærmar seg vil du motta ei påminning med brukarrettleiing frå oss på din mobiltelefon. Målarnummeret du alt har registrert blir opplyst i påminninga. Du sender då meldinga SENM <målarnummer> <målarstand> til 26166. Du vil no motta kvitteringsmelding som stadfesting.

Fleire målarar

Har du fleire målarar du vil gje opp målarstand for, må du registere alle før du kan sende målarstand (sjå Registrering ovanfor). Når du skal sende målarstand må du gje opp målarnummer. Dømet under er med 2 målarar. I dømet er kundenummeret likt, men ein kan også ha ulike kundenummer.

Registrering av fleire målarar
Første tekstmelding: SENM START<kundenr> <målarnr1> til 26166
Andre tekstmelding: SENM START<kundenr> <målarnr2>til 26166

Målaravlesing for fleire målarar
Første tekstmelding: SENM <målarnummer1> <målarstand1> til 26166
Andre tekstmelding: SENM <målarnummer2> <målarstand2> til 26166

Last ned utskriftsvenleg instruksjon (PDF) med illustrasjonar for registering via SMS


Telefon

Ha klar kundenummer og målepunkt ID som du finn i epost, på SMS eller på avlesningskort, og målarstand.

Ring 800 84 844 og følg instruksjonane (gratis – grønt nummer).

 

Avrekning

Avrekningsrutinane til Sunnfjord Energi for hushald, jordbruk og mindre næring med kWh avrekning, er at hushald med forbruk over 8000 kWh/år skal avreknast kvar 2. mnd. på etterskot, medan resten har årsavrekning med 2 mnd. à konto.

Andre med kWh avrekning som ønskjer det og kan melde inn avlesing kvart 2. mnd., kan også avreknast kvar 2. mnd.

Effektavrekna kundar utan timesmålt anlegg har årsavrekning med akonto kvar 2. mnd. Kundar med timesmålt anlegg vert avrekna på etterskot kvar månad.

Alle kundar med årsforbruk over 100 000 kWh/år vil få timesmålt, andre som ønskjer timesmåling må betale meirkostnaden, maksimalt kr. 2.500,-.


Automatisk straummålar – AMS

Myndigheitene har bestemt at alle nettkundar skal få nye automatiske straummålarar. Det har fleire fordelar for deg som kunde. Du får ny straummålar innan 1. januar 2019. Du får informasjon i god tid før vi kjem og byter målaren din. Det einaste du må gjere, er å vere heime når montøren kjem for å installere den nye målaren.