Gå til innholdGå til toppen

Om Sunnfjord Energi

Sunnfjord Energi AS er eit integrert kraftselskap med kraftproduksjon, drift og bygging av nett og sal av kraft til bedrifter og hushald.

Konsernet

Sunnfjord Energi AS og deleigde selskap:

Konsernet driv innan produksjon og omsetnad av fornybar energi, utbygging og drift av om lag 2.900 km linjenett (sjå eigen nettstad: Sunnfjord Energi Nett), småkraftverk, breiband og fiber, varmepumpe og entreprenørverksemd.

Sunnfjord Energi AS

Morselskapet Sunnfjord Energi AS er eit integrert kraftselskap med kraftproduksjon, drift og bygging av nett og sal av kraft til bedrifter og hushald. Føremålet med selskapet slik det er uttrykt i vedtektene er å syte for produksjon, overføring og omsetning av energi, og stå for utbygging av naudsynte anlegg i samband med dette. Selskapet skal arbeide for ei sikker og rasjonell energiforsyning i eigarkommunane. Verksemda kan òg drivast i samarbeid med eller deltaking i andre føretak med same eller liknande føremål.

Selskapet er organisert i fire avdelingar: stasjon, nett, marknad og administrasjon, og har omlag 110 årsverk.

Selskapet har mannskap på fem stadar utanom hovudkontoret i Førde: Skei i Jølster, Sande i Gaular, Hålandsfossen i Fjaler, Leirvik i Hyllestad og Hardbakke i Solund. I tillegg er det fast personell i kraftstasjonane Stakaldefossen og Øvre Svultingen.

Sunnfjord Energi AS leverer til kommunane Fjaler, Førde, Gaular, Hyllestad, Solund, Naustdal, Jølster.

Kontaktinformasjon
Telefon: 57 72 23 00
Besøksadresse: Firdavegen 5, 6800 Førde
Organisasjonsnummer: 916 501 420

Eigarane av morselskapet

Morselskapet Sunnfjord Energi AS er eigd av 7 kommunar i Sunnfjord og Sogn, og BKK. Les om Eigarar.

Forsyningsområde for nettdrift

Basar og stasjonar: Førde, Skei (Jølster), Sande (Gaular), Hålandsfossen (Dale), Kyrkjebø (Høyanger), Staurdalen (Hyllestad), Hardbakke (Solund) og kraftstasjonen Øvre Svultingen (Hyllestad).

Vi dekkjer sju kommunar: Jølster, Førde, Gaular, Fjaler, Naustdal, Hyllestad, Solund. Området utgjer ca. 3.100 km². Vi driftar også nettet på Høyanger nordside på kontrakt for BKK.

Vi har ca. 2.900 km linjenett – sjå Sunnfjord Energi Nett. 15.800 kundar er tilknytt linjenettet vårt, og vi har 11.000 straumkundar

Kraftproduksjon

Konsernet Sunnfjord Energi eig og driv 10 kraftstasjonar med samla middelproduksjon på 522 GWh. Les om: Våre anlegg.

Kraftomsetning

  • Vi formidlar spotkraft til sluttkunde
  • Enkle og oversiktlege produkt
  • Konkurransedyktige prisar