Gå til innholdGå til toppen

Historikk – «Vår vidunderlige vannkraft»

18. desember 1914 vart Brulandsfoss Kraftverk sett i drift, og leverte straum til det vi dag kallar Førde tettstad. Dette var starten på det som i dag heiter Sunnfjord Energi AS.

Dei neste åra vart kraftverka i Hålandsfossen og Hovefossen sette i drift og leverte straum til nærområda.

Sjå også:

Etterkvart kom fleire og større kraftstasjonar til og linjenettet vart bygt ut og knytt saman slik vi kjenner det i dag, der heile Europa heng saman i eitt nett. Frå starten i 1914 og fram til at alle fastbuande i Sunnfjord og Ytre Sogn fekk straum tok det 50 år. Ei svært lang tid etter vår målestokk. Det må ha vore underleg, og ikkje så reint lite diskriminerande, å leve utan straum. Mange måtte klare seg med vedomn og parafinlampe i årevis, medan naboane nokre hundre meter lenger borte hadde straum. Men haldninga den gong var nok. «ka ska vi me’ da? Vi har levd her i tusen år forutan.»

Har vi litt av same haldningane til nye ting i dag? Nei, vil nok dei fleste seie, men er no det så sikkert? Sunnfjord Energi AS prøver å ligge langt framme i utviklinga i samfunnet for at folk og næringsliv i vårt område skal ha same tilboda som i meir sentrale strøk av landet. Dette er grunnen for at selskapet engasjerer seg i nye områder der selskapet sitt linjenett og kompetansen til dei tilsette naturleg kan nyttast. Dette gjeld mellom anna breiband og tryggleik, samt utbygging av småkraftverk, vindmøller og bruk av naturgass der dette fell naturleg. På denne måten er Sunnfjord Energi den lokale drivkrafta.

«Vår vidunderlige vannkraft» er berebjelken for all aktivitet i Sunnfjord Energi AS. Muskelen til selskapet er oppsamla «størkna sveitte» gjennom over 100 år som Aa. O. Vinje så råkande gjorde greie for kva pengar i røynda er. Det er kundane sine pengar gjennom alle desse åra du ser igjen i eit driftsikkert linjenett og kraftstasjonar. I dag går meir enn halvparten av det du betalar i straumrekning vidare til kommunane, fylkeskommunane og staten. Straumpengane ser du igjen i skular, barnehagar, eldreomsorga, bruer og vegar der du bur. Svært mykje av den velstanden vi alle omgir oss med i dag kan vi takke den utbygde vasskrafta vår for.

Sjå også: