Gå til innholdGå til toppen

Ledige stillingar

Når vi har ledige stillingar i Sunnfjord Energi blir dei lyst ut her.

Jobbvarsel

Epostvarsling om ledige stillingar hos Sunnfjord Energi.
  • Ja, eg ønskjer varsel på epost når det blir lyst ut ledige stillingar i Sunnfjord Energi. Eg kan når som helst stogge desse varsla. Sunnfjord Energi garanterer at ikkje epostadressa blir vidareformidla til tredjepart.

 


Ingen ledige stillingar som passar for deg?

Skal du utdanne deg? Sjå: Jobbe i kraftbransjen?

Sunnfjord Energi er ei lokal drivkraft som står for utbygging og vedlikehald av straumnett, produksjon av fornybar energi frå vasskraftverk, og sal og omsetning av kraft.

Vi er blant dei 25 største energiselskapa i landet (av 120), så vi er store nok til at medarbeidarane får mange moglegheiter, samstundes som vi er små nok til at vi ser potensiale til den enkelte medarbeidar.

Vårt forsyningsområde er sju kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudkontoret ligg i Førde, ein by med om lag 13 000 innbyggarar. Våre verdiar vert spegla i omgrepa «Smidig, driftig og moderne». Selskapet ligg i forkant i bransjen når det gjeld modernisering, og arbeider etter filosofien LEAN.

kjell-johnny-kvamme– I Sunnfjord Energi får eg faglege utfordringar i eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø. Eg utdanna meg først som energimontør og har no gått vidare og blitt elektroingeniør. Stillinga som prosjektingeniør ved produksjonsavdelinga i Sunnfjord Energi er draumejobben hittil i karriera mi.
Kjell Johnny Kvamme – prosjektingeniør (som den gongen var 25 år)


– I Sunnfjord Energi har eg ein variert arbeidsdag. Variasjon saman med faglege utfordringar og eit godt arbeidsmiljø gjer at eg trivast veldig godt i jobben min.
Einar Midtbø – rådgjevar småkraft