Gå til innholdGå til toppen

Jobbe med fornybar energi

Både Sunnfjord Energi og resten av kraftbransjen har behov for mange nye energimontørar og elkraftingeniørar i åra som kjem!

Straumforsyning er svært viktig i eit moderne samfunn, og det er behov for kloke hovud og engasjerte hjarte som kan bidra til å utvikle straumforsyninga, både med omsyn til miljøet ikring oss og i tråd med samfunnet sine behov.

Har du lyst til å bidra til dette?

Bli energimontør:

Ta fagbrev som energimontør ved å gå VG1 elektrofag, VG2 elenergi og deretter 2,5 års læretid.

Som energimontør vil du få ein variert arbeidsdag ute i frisk luft. Arbeidet foregår i team, og oppgåvene er montasje av linje- og kabelnett, med meir.

Bli elkraftingeniør:

Frå energimontør til elkraftingeniør (Y-vegen), eller frå allmennfag til elkraftingeniør. Som elkraftingeniør finst det mange ulike stillingar i kraftbransjen i åra som kjem; både i samband med å fornye og vidareutvikle eksisterande straumnett, men også i samband med utvikling av ny fornybar kraft som  vindkraft, småkraft og anna vasskraft.

 


kjell-johnny-kvamme– I Sunnfjord Energi får eg faglege utfordringar i eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø . Eg utdanna meg først som energimontør og har no gått vidare og blitt elektroingeniør. Stillinga som prosjektingeniør ved produksjonsavdelinga i Sunnfjord Energi er draumejobben hittill i karriera mi.

Kjell Johnny Kvamme – prosjektingeniør (som den gongen var 25 år)

 

studentar

– I Sunnfjord Energi har eg ein variert arbeidsdag. Variasjon saman med faglege utfordringar og eit godt arbeidsmiljø gjer at eg trivast veldig godt i jobben min.

Einar Midtbø – rådgjevar småkraft


Sjå også:

Jobbvarsel

Epostvarsling om ledige stillingar hos Sunnfjord Energi.
  • Ja, eg ønskjer varsel på epost når det blir lyst ut ledige stillingar i Sunnfjord Energi. Eg kan når som helst stogge desse varsla. Sunnfjord Energi garanterer at ikkje epostadressa blir vidareformidla til tredjepart.