Gå til innholdGå til toppen

Sponsorat og samfunnsansvar

- bidragsytarar til eit aktivt kulturliv

Sunnfjord Energi yter årleg tilskot og støtte til ulike aktivitetar innan idrett, song, musikk, teater, skuleaktivitetar og ulike andre lag og organisasjonar, både amatørar og profesjonelle.

Vi freistar å spreie dette til eit mangfald av tiltak over heile forsyningsområdet. Difor er det ikkje alltid dei store summane som vert gitt, men hjelpa kan vere like kjærkomen av den grunn. Eit mål er å bidra til aktivitetar som når fram til mange og spesielt tiltak retta mot born og ungdom.

Innkomne søknadar vert handsama ved kvart kvartalsskifte: 1. april, 1. juli, 1. oktober og 1. januar. 

Vi støttar

Idrett

Aldersbestemte klassar innan fotball, handball, volleyball, ski og symjing. Fjelltrim, skirenn, motorsport, skistadion, golf, balløkker, skyttarlag og vektløfting med meir.

Song, musikk og teater

Skulemusikk, kor, opera, musikklag, konsertar, teateroppsetjingar og lokale historiespel. Vårt største engasjement er som ein av hovudsponsorane til Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. Målet har vore å vere med på å dra i gang ein aktivitet som skal setje distriktet på kartet.

Bøker og tidsskrift

Kyrkjelydsblad,  årbøker, programhefte og ulike tidsskrift.
Avisa Dag og Tid si spesialutgåve om Jakob Sande vart kjøpt inn og distribuert som klassesett til alle skular i forsyningsområdet, i tillegg til at den gjekk som vedlegg til avisa Firda i Fjaler kommune.

Andre lag og arrangement

Rusfri feiring 17. mai, kunstlag, skulekonkurransar, reiseliv, Røde Kors hjelpekorps, 4H, jakt- og fiskelag og ulike interesseforeiningar.

Søknadsskjema

Starten på Sunnfjord Triathlon 2014. Foto © Øystein Ullaland.

Starten på Sunnfjord Triathlon 2014. Foto © Øystein Ullaland.