Gå til innholdGå til toppen

Sponsorat og samfunnsansvar

- bidragsytarar til eit aktivt kulturliv

Sunnfjord Energi har gjennom mange tiår vore ein lokal støttespelar for lag og organisasjonar i Sunnfjord Energi sitt forsyningsområde.

Sunnfjord Energi og BKK fusjonerte frå oktober 2019. Vi er glade for at fusjonen medfører ein auke i støtte til lag og organisasjonar i Sunnfjord og ytre Sogn.

For Sunnfjord Energi/BKK er det viktig å framleis være den lokale drivkrafta, og sponsing er ein del av vårt samfunnsansvar. Dette held fram også etter fusjonen med BKK.

Samla tildeler vi meir støtte enn tidlegare, men vi spissar det mot aktivitetar retta mot barn og unge. I tillegg kan du søke på BKK sine støttemidlar på nettstaden  BKK.no, og dette er vi stolte over.

Søk om støtte til draktsett og treningskle til det lokale idrettslaget.

Søk om sponsormidlar til berekraftige prosjekt med barn og unge.

I tillegg støttar Sunnfjord Energi/BKK aktivitetar for born og unge i dei sju kommunane Førde, Jølster, Naustdal, Fjaler, Gaular, Hyllestad og Solund.

Søk om sponsormidlar

Første veka i månaden handsamar vi søknader som har kome inn via vår søknadsportal førre månad. Dersom de er valt ut vert de kontakta innan den 20. i handsamings-månaden. Vi forutset at Sunnfjord Energi/BKK vert profilert i samband med tildelt støtte. Tiltaket må også kunne omtalast i media og i Sunnfjord Energi/BKK sine sosiale og digitale kanalar.

Søk her.

Dersom prosjektet ikkje vert gjennomført i samsvar med godkjent søknad kan pengane krevjast tilbakeført.

Vi har følgjande kriteria for tildeling av støtte:

  1. Sponsorstøtta skal gå til aktivitetar som har barn og unge som si definerte målgruppe
  2. Tiltaket skal være i dei sju kommunane Hyllestad, Fjaler, Gaular, Førde, Solund, Naustdal og Jølster
  3. Laget/organisasjonen som søker må ha eit organisasjonsnummer
  4. Søknad må sendast inn via søknadsportalen nedanfor
  5. For å stette krav i regelverk om mva og skatt må det spesifiserast i søknaden kva profilering av selskapet som ev. vil følgje av sponsorstøtta

Vi støtter ikkje enkelståande reiser eller turar, politiske eller religiøse organisasjonar eller aktivitetar som er fare for personar eller miljø. Det vert ikkje utbetalt støtte til privateigd bankkonto.

Pågangen om støtte er stor og stadig aukande, og det er difor viktig for oss å administrere sponsorarbeidet så effektivt som mogleg slik at mest mogleg av midlane kan gå som direkte støtte og ikkje til administrasjon av søknadane. Vi har difor endra våre rutinar og verktøy, samt tydeleggjort kriteria for tildeling. Av denne grunn handsamar vi berre søknader som kjem inn gjennom søknadsportalen.

Tidlegare ga vi ut premier til basarar og liknande, men av omsyn til miljø og berekraft har vi no slutta med å dele ut materiell.