Gå til innholdGå til toppen

Personvern og informasjonskapslar

Sunnfjord Energi behandlar personopplysningar i samsvar med personvernlovgjevinga. Her kan du lese meir om dette.

Besøk på nettsida sunnfjordenergi.no

Personvernerklæringa nedanfor gjeld ved besøk på sunnfjordenergi.no.

I utgangspunktet er du anonym når du brukar nettsidene våre. Ved besøk vert berre datamaskina di sitt domenenavn (IP-adresse) registrert, ikkje epostadressa di.

Sunnfjord Energi brukar informasjonskapslar (cookies) på sunnfjordenergi.no slik at vi kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir hovudsakleg nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesta. Du kan halde fram med å bruke sunnfjordenergi.no som vanleg viss du godtek dette. Alternativt kan du slå av bruk av cookies i nettlesaren din.

Informasjonen frå informasjonskapslane vert brukt til statistisk måling og analyse for å forbetre nettstaden, til dømes opplysningar om kva nettlesar og -versjon du brukar, og internettadressa (ip-adressa) di. Utover ip-adresser, vert det ikkje samla inn informasjon som inneheld identifiserbare personlege opplysningar.

For kvar side som vert vist ver følgjande opplysingar lagra:

  • kva side du ser på
  • dato og tid
  • kva nettlesar du brukar
  • di ip-adresse

Ingen av opplysningane blir brukt til å identifisere enkeltpersonar.

Søk

Sunnfjord Energi lagrar informasjon om kva søkeord dei besøkande brukar på nettstaden. Føremålet med dette er å gjere informasjonstilbodet vårt betre. Det er berre sjølve søkeordet som vert lagra, og ikkje nokon form for informasjon om brukaren.


Dine personvernrettar hos Sunnfjord Energi

Rett til informasjon om handsaming av personopplysningar

Ein kvar som ber om det, skal få vite korleis opplysningane om eigen person blir handsama.

Du har rett til innsyn

Du kan vende deg til kva som helst av våre avdelingar og be om å få vite kva opplysningar dei har om deg, kva dei skal brukast til, og kor dei er henta frå. Dette gjeld så vel elektroniske som manuelle registre. Du skal få svar innan 30 dagar.

Du skal kunne krevje at feilaktige eller mangelfulle opplysningar om deg blir retta

I utgangspunktet skal vi av eige tiltak rette mangelfulle eller feilaktige opplysningar. Men det er ikkje alltid lett for den som handsamar store mengder opplysningar å bli klar over at noko manglar eller er feil. Vi tilrår derfor at alle brukar innsynsretten aktivt, og gir beskjed til avdelinga det gjeld om det er feil.

Du kan krevje at unødvendige opplysningar om deg blir sperra eller sletta

Vi slettar eller sperrar opplysningar som ikkje lenger er nødvendige for formålet med registreringa. Dette gjeld ikkje dersom opplysningene skal oppbevarast i henhold til anna lovgjeving, for eksempel rekneskapslova og arkivlova.

Du skal kunne utøve rettigheitene dine gratis

Når du ber om innsyn, retting og sletting er dette gratis.

Vidareformidling

Vår policy er at vi ikkje skal selje, byte eller på annen måte videreformidle informasjon av nokon art om deg til tredjepart uten at du har samtykka til dette.

Informasjonssikkerheit

Vi har etter personopplysningslova ansvar for å sørge for at personopplysningane er tilstrekkeleg sikra. Vi har, blant anna etter prioriteringar frå risikoanalyser, innført rutiner som skal gi den nødvendige tryggleiken.

Vi sikrar at kun dei som har et tenestelege behov får tilgang til opplysningane. Vidare sikrar vi at opplysningar ikkje kan endrast eller slettast av andre enn dei som er autoriserte til å gjere dette.

Vi sikrar at personopplysningane er tilgjengelege når det er nødvendig for å utføre våre arbeidsoppgåver, for å gi deg ei best mulig teneste.

Vi revurderer våre rutiner periodisk slik at tryggleiken til ei kvar tid skal være så god som mulig. Dersom vi oppdagar at ei rutine ikkje er følgd vert dette fulgt grundig opp.