Gå til innholdGå til toppen

Personvernerklæring for Sunnfjord Energi

Målsettinga vår er at du alltid skal føle deg trygg og ha tillit til oss, ved at vi handsamar personopplysningar om deg med respekt og lar deg ha kontroll over desse.

Vi har gjort vårt beste for å forklare dette på ein kortfatta og enkel måte. Viss du skulle ønske meir informasjon eller du har spørsmål, kan du ta kontakt med Sunnfjord Energi AS i Førde.

Behandlingsansvarlig

Det er Sunnfjord Energi AS som har det overordna ansvaret for handsaming  av personopplysningane. Sunnfjord Energi  har organisasjonsnummer 916 501 420. For kontaktinformasjon sjå kontakt.

Lovregulering og samtykke

Personopplysningslova som også har i seg EU si  personvernforordning (GDPR) set dei formelle råmene for kva personopplysningar Sunnfjord Energi AS kan lagre og korleis vi kan forvalte desse.

Dette gjeld også for våre tenester på internett. I tillegg gir lovverk, som til dømes markedsføringslova og regnskapslova, også retningsliner for korleis informasjon som kan knytas til ein person, skal handsamast.

Handsaminga sitt formål

Personopplysningane vert nytta av Sunnfjord Energi  til å administrere tilsettforhold, kundeforhold, til fakturering, bestillingar, leveranse av energi, og i øvrige samanhengar der Sunnfjord Energi må ha kunnskap om kven vi har kontakt med.

Lagring og bruk av personopplysningene

Sunnfjord Energi oppfyller dei til ei kvar tid gjeldande reglar for oppdatering av reservasjon mot reservasjonsregisteret i Brønnøysund. Har du reservert deg i dette registeret, vil vi ikkje ta kontakt med deg, dersom du ikkje har nytta oss tidligare og du ikkje har eit aktivt kundeforhold. Du kan som kunde reservere deg mot elektronisk marknadsføring, ta i så fall ta kontakt med oss.

Sunnfjord Energi   innhentar og lagrar personopplysningar gjennom våre nettenester, men berre slik du har blitt informert om og har godkjent. På Mi side presenterer vi informasjon om deg frå våre kundesystem, og vi bruker namn, adresse og e-post i samband med nettleige. Desse personopplysningane vert  lagra i våre databaser. Dette for å sikre at vi kan levere den tenesta våre brukara forventar.

Sunnfjord Energi  lagrar personopplysningane på servere, i Norge, som er drifta av selskapet Serit Fjordane IT AS med organisasjonsnummer 979 793 049.

I nokre tilfelle vert personopplysingane lagra på servere hos underleverandører. I slike tilfelle vil du få særskilt informasjon om dette.

Vi nyttar følgande underleverandører:

Validér AS,  https://www.valider.no, for innsamling av målarstand frå automatisk straummålarar (AMS)

Etrygg AS,  https://www.etrygg.no/, for lovpålagt tilsyn med el-anlegg

Sunnfjord Energi nyttar berre personopplysingar til det som lovverket set råmer for og det som vi på førehand har informert deg om.

Alle som har tilgang til personopplysningar har teieplikt, også etter at dei har slutta i Sunnfjord Energi.

Utlevering av opplysningar

Informasjon du sender frå deg, for eksempel via skjema på nettstaden, blir berre brukt i den samanhenga som dei er meint brukt. Slike data vil berre blir vidareformidla til tredje part der det trengs for å tilby tenesta eller er ledd i innkrevjing av betaling eller rekneskapsbehandling, eller dersom du har samtykka til dette.

Vi vil ikkje selje, byte eller på annen måte vidareformidle informasjon av noko slag om deg, til tredjepart utan at du har samtykka til dette.

Lagring av opplysningar

Opplysningane vert lagra så lenge som det er nødvendig for å tilby tenestene og administrere kundeforholdet, eller for å oppfylle lovpålagte plikter. Du kan som kunde reservere deg mot elektronisk marknadsføring, ta i så fall kontakt med oss.

Innsyn i personopplysningar

Du kan ta kontakt med oss og be om å få vite kva opplysningar Sunnfjord Energi AS har om deg, kva opplysningane skal brukast til, og kvar dei er innhenta frå. Dette gjeld så vel opplysningar i datasystem og i papirarkiv.

Alle opplysningane vil du som kunde finne på Mi side. Om du er i tvil kan du laste ned og fylle ut skjemaet ”Skjema for innsyn og dataportabilitet i personopplysningar”.

Sletting av opplysningar

Alle opplysningar som er innsamla etter eit skriftleg samtykke kan du når som helst få sletta. Opplysningar som er innhenta med heimel i lov kan normalt ikkje bli slettet. Ta kontakt med Sunnfjord Energi AS om du har spørsmål om sletting.

Rett til retting av personopplysningar

Etter personopplysningslovas regler har du som kunde rett til innsyn i eigne personopplysningar. Dersom opplysningane vi har om deg er feil, kan du krevje å få opplysningane retta, supplert eller slettet. Enkelte opplysningar kan du sjølv korrigere ved å logge inn på Mi side.

I utgangspunktet vil vi av eige tiltak rette mangelfulle eller feilaktige opplysningar. Men det er ikkje alltid lett for den som behandlar store mengder opplysningar å bli klar over at noko manglar eller er feil. Vi anbefaler difor at alle brukar innsynsretten aktivt, og gir beskjed til avdelinga det gjeld om det er feil.

Din rett til dataportabilitet

Du har rett til å:

Få utlevert personopplysningane dine og å lagre disse på en privat eining til vidare og personlig bruk

Flytte, kopiere eller overføre personopplysningane dine frå ei verksemd til en annen  verksemd.

Last ned og fyll ut skjemaet ”Skjema for innsyn og dataportabilitet i personopplysningar”

Sikring av personopplysningane

Vi har etter lovverket ansvar for å sørge for at personopplysningane er tilstrekkelig sikra.

Vi har blant anna etter prioriteringar frå risikoanalyser, innført rutinar som skal gi den nødvendige sikkerhet.

Vi sikrar at berre dei som har et tenestleg behov, får tilgang til opplysningane. Vidare sikrar vi at opplysningar ikkje kan endrast eller slettes av andre enn dei som er autorisert til å gjere dette.

Vi revurderer våre rutinar periodisk slik at sikkerheita til ei kvar tid skal være så god som mogleg. Dersom vi oppdagar at en rutine ikkje er følgt, følges dette grundig opp.

Personvern og informasjonskapslar

Lenke til informasjon om personvern og informasjonskapslar for Sunnfjord Energi