Gå til innholdGå til toppen

Sjekkliste ved straumstans

Årsaka til straumbrot kan også ligge i ditt eige anlegg. Ei enkel 3-punkts sjekkliste kan hjelpe deg å finne ut kvifor det er mørkt.

1. Har naboen straum?

Er fleire hus utan straum ligg feilen truleg hos Sunnfjord Energi. Gjeld det eit stort område veit vi som regel om det.

Har du høyrt smell eller sett glimt/røyk er vi takksame om du ringer vår vakttelefon 57 72 23 40.

2. Har jordfeilbrytaren slått seg ut?

Klarer du ikkje å slå den på igjen, kan du skru ut/slå av alle sikringar og slå på jordfeilbrytaren igjen. Så skrur du inn/slår på éin og éin sikring til du finn sikringskursen med feil.

No kan du slå av eller trekke ut kontakten på alle apparat som får straum frå denne kursen, og slå på eit og eit til du finn «syndaren». Dette apparatet må fråkoplast.

3.  Sjekk hovudsikringane!

Skift alle, anten du har to eller tre. Har du luftleidningar til huset er desse sikringane ofte plassert på loftet.

Finn du ikkje feilen – og straumen er framleis vekke?

Kontakt kundesenteret vårt.