Gå til innholdGå til toppen

Småkraft

Sunnfjord Energi As har bygd og vedlikehalde elvekraftverk sidan 1914, og har såleis lang erfaring og brei kompetanse innan faget.

Byggje ut småkraft?

Ta kontakt med kundesenter dersom du ønskjer hjelp til å vurdere om du sit på verdiar som er eigna for utbygging, eller ta direkte kontakt med småkraftgruppa ved småkraftansvarleg:

Småkraftgruppa i Sunnfjord Energi

Dei siste ti åra har omlag 35 småkraftverk blitt knytt til Sunnfjord Energi sine linjer. Desse produsere no meir enn 150 GWh årleg. Etter NVE si kartlegging er potensialet for småkraftverk i vårt område ti gonger større.

Sunnfjord Energi As har ei eiga gruppe medarbeidarar som jobbar spesielt med små-, mini- og mikrokraftverk. Småkraftgruppa kan hjelpe deg med alt frå enkelttenester, til ei totalløysing for ditt prosjekt.

Småkraftgruppa har kompetanse innan hydrologi, bygg og el-kraft, og er såleis godt rusta til å finne ei optimal løysing for ditt kraftverk.

Småkraftgruppa kan hjelpe deg med mellom anna:

  • rådgjeving / hydrologi
  • vurdering av lønnsemd i ditt prosjekt
  • konsesjonssøknad
  • prosjektering av inntak, røyrgate, kraftstasjon og nettilknyting
  • anbodsførespurnad
  • byggeleiing / prosjektleiing
  • tilsyn og vedlikehald
  • Per dags dato har vi utført 12 konsesjonssøknadar for potensielle småkrafteigarar, og bygd 4 småkraftverk. Vi har til ei kvar tid mange prosjekt gåande i ulike fasar, frå forprosjekt til kraftverk under bygging.