Gå til innholdGå til toppen

Varmepumper

Kutt ned på straumrekninga med bruk av rett varmepumpe.

Ei varmepumpe fordeler varmen i bustaden din betre, og reduserer utgiftene. Det går ikkje lang tid før investeringa er tent inn att. Men det krev at du vel ei pumpe som høver til huset ditt.

– Det er ikkje likegyldig kva varmepumpe du installerer, fortel Dag-Rune Mallasvik i Sunnfjord Energi, som sel og installerer varmepumper.

Før installasjonen gjer Sunnfjord Energi ei grundig vurdering av type bustad, energibehovet i bustaden, isolasjonsgrad, og ikkje minst kva type installasjon som er optimal for deg. Alt dette er med på å avgjere kor god komfort du vil få og kor mye du sparar på å kjøpe varmepumpe.

Best mogleg tilpassa og trygg installasjon

Varmepumpe_i_heim_VERTIKALTSunnfjord Energi AS gjer ein grundig jobb på førehand og under monteringa, og vel komponentar som sikrar installasjonen mot uønskte framtidige skader på bygningen eller varmepumpeanlegget.

– Vi installerer varmepumpa tilpassa dine ønskjer og behov, både i forhold til komfort, lydnivå, energisparing, estetikk og haldbarheit, seier Mallasvik.

– Vi arbeider heile tida for å møte krava til den enkelte kunden. Det betyr at våre installasjonar ofte omfattar meir enn andre leveransar til andre leverandørar. Derfor kan våre kundar forvente ein problemfri eigarskap også når garantien går ut.

Sunnfjord Energi AS har ordningar som gjer at dei alltid er oppdaterte på den nyaste varmepumpeteknologien. Dermed får kundane dei løysingane som er dei beste til ei kvar tid. Dessutan er alle selskapet sine varmepumpe montørar, serviceteknikarar og seljarar utdanna og sertifiserte på Toshiba sine nyaste modeller.

Pris, kvalitet og innsparing

– Dei beste og mest energisparande varmepumpene ligg høgast i pris. Ekstrainvesteringa løner seg, seier Mallasvik.

– Den auka energisparinga som toppmodellane gir, betalar prisskilnaden mange gonger.

Toshibas toppserie Premium har en effektfaktor (COP) på utrulege 6,52 ved 7 grader, ved eit varmbehov på 1 500 watt. Det betyr en fyringsrabatt på 85 % ved desse forholda.

Maksimal energisparing oppnår du ved å redusere behovet for dyr tilleggsvarme. I diagrammet under ser du kor mykje sjølv ein liten 500 watts panelomn utgjer. Ein huseigar med stor nok varmepumpe, sparer i dette eksempelet 1 800 kroner meir per år enn han som må ha ein 500 watts panelomn ståande på i tillegg til varmepumpa.

Sunnfjord Energi leverer alle typar varmepumper til privatbustader, næringsbygg og offentlige bygg. Dei mange modellane har ulike kvalitetar. Best økonomi får du med ein av Premium-modellane. Polarmodellane har markedets minste innedeler. Med multisplitt får du fleire innedeler kopla til ein utedel.

– Toshibakvaliteten får du på alt vi leverer. Vi har montert over 1400 Toshiba varmepumper og veit at kundane blir mest nøgde når dei har valt ei skikkeleg varmepumpe.

Bustadtype og energibehov

Kor kraftig varmepumpe du treng heng saman med storleiken på bustaden og kor godt isolert den er. Eldre bustader utan isolasjon treng meir energi enn nyare bustader med god isolasjon. Planløysinga, og kor mange etasjar bustaden har spelar også inn på val av varmepumpemodell.

Forskarinstitusjonen SINTEF har rekna ut energibehovet i ulike typar bygg i Norge. Med utgangspunkt i normtala til SINTEF og eigne erfaringar har Sunnfjord Energi laga denne energimodellen for val av varmepumpe.

Isolasjon i yttervegger:Energifaktor:
Kun reisverk180
Tømmer140
10 cm115
15 cm100
20 cm90

Døme for hus på 150 m², bygd i 1995 med 15 cm isolasjon:
Energifaktor x Oppvarma areal = Energibehov
100 x 150 = 15 000 kWh pr år til oppvarming