Fjernvarme i Førde
Sunnfjord Energi har gjennom snart 100 år levert elektrisk straum som blir til lys og varme hjå dei som bur i vårt forsyningsområde. Så lenge straumen kjem frå vind – og vasskraftverk er denne energien rein og fornybar. Myndigheitene har dei seinaste åra ivra sterkt for at oppvarming skal ein bli meir energinøytral , og at ein der forholda ligg til rette med tett busetnad skal satse på fjernvarmeanlegg. I vårt forsyningsområde kan dette bli aktuelt fleire stadar , men der det ligg best til rette er i Førde.
Selskapet har gjennom dei siste ti åra føreteke fleire undersøkingar og fått utarbeidd ulike løysingar for eit fjernvarmenett i Førde. Hausten 07 enda dette opp med at selskapet sende konsesjonssøknad på eit kombinert fjernvarme – og fjernkjøleanlegg med røyrleidningsnett som fullt utbygt vil dekke dei sentrale delane i Førde frå sjøen og mot Angedalen og Sunde.
Planen er eit varmepumpeanlegg som utnyttar både varmen i sjøen om vinteren og kulden i sjøen om sommaren . Anlegget vil føre ca. 80 gr. varmevatn og ca. 8 gr. kjølevatn rundt om i røyrleidningane . På kvar forbruksstad vil ein då til ei kvar tid kunne velje den temperatur ein ønskjer og såleis ha eit optimalt klima i bygningane heile året.
Varmepumpeanlegget må plasserast nært sjøen på Øyrane då det skal nytte sjøvatn . Sjølve anlegget blir ein mindre bygning som inneheld ei større elektrisk varmepumpe og eit reserve – og topplastanlegg basert på naturgass. Anlegget vil ikkje bråke , lukte eller sende ut røyk.
Kostnadane er rekna til om lag kr. 100 mill. og realiseringa er avhengig av betydeleg offentleg støtte og at ein maktar å avtale tilstrekkeleg med bindande leveransar. Føresetningane frå det offentlege er at slike anlegg skal kunne levere energi prisgunstig i høve til andre alternativ.