
Kraft
Sunnfjord Energi AS leverer kraft i eigarkommunane Jølster, Gaular, Naustdal, Hyllestad, Solund, Fjaler og Førde.
Innanfor kraftsal har selskapet tre produkt:
Marknadspris
Marknadspris føl prisen på kraftbørsen NordPool med eit påslag til Sunnfjord Energi AS på 2,2 øre. I tillegg kjem mva. Kvar månad vert det berekna ein gjennomsnittspris frå kraftbørsen som vert justert for forbruket i vårt område i perioden. Resultatet ein då får kallar vi «vekta områdepris» og den vert grunnlaget for prisen ut til kunden for den månaden. Oversyn over vekta områdepris finn ein på denne sida. Frå 1.1.2012 er kostnaden med elsertifikat inkludert i prisen.
- Priseksempel / fastpristilbod
- Slik er straumrekninga oppbygd
Fastpris
Fastpris er eit tilbod om å binde prisen på eit bestemt nivå i ein lengre tidsperiode. Frå 1.1.2012 er kostanden med elsertifikat inkludert i prisen.
Vi tilbyr fastpris i 1 eller 2 år.
100% Fornybar energi
Du kan no sikre deg 100% Fornybar energi, rein vasskraft i tillegg til ordinær kraftkontrakt.
Nettleiga kjem i tillegg.